|

Aakre
Mekaniske AS finn du på Haramsøya i Haram kommune, litt nord
for Ålesund.
Verksemda har 36 tilsette pr juni 2009. Desse er fordelt på maskinarbeidarar,
sveisarar, platearbeidarar, lakkering og administrasjon.
Dessutan 5 lærlingar.
Vi har vore i kraftig vekst og har stadig måtte utvide
kapasiteten, både når det gjeld tilsette, lokale og
maskiner. I 2006 investerte vi i ein ny produksjonshall på
1250 m2 og har no totalt 3150 m2 produksjonslokale.
Maskinparken er moderne – siste åra er det kjøpt inn 6 nye
maskineringssenter.
Dette har ført til at vi no er ein av de største
underleverandørane i vår bransje i Møre og Romsdal, med ein
maskinpark som omfattar nesten alle dei prosessane som
kundane spør etter.
Verksemda
har også eit topp moderne lakkanlegg med 2 store lakkboksar..
Anlegget har avdelingar for syring,
sandblåsing/metallisering og lakk/måling.
Selskapet
har eit datterselskap, Aakre Kit AS, der nesten all sveising
er samla. Sveiseavdelinga er samla i eit nytt anlegg på
Austnes.
Litt historie
Firmaet vart starta i 1986 av Terje Aakre i reiskapshuset på
garden. Det starta med ein dreiebenk og seinare ein
fresemaskin. Vidare kom det suksessivt nyare og meir
effektive maskiner inn i produksjonen, garden vart nedlagt
og nye produksjonslokale vart bygd. Dei to siste hallane kom
i
2004 og 2006.
I 2004 var det 14 tilsette. Pr juni 2009 er vi 36 tilsette
og 5 lærlingar.
|