|
Nor - Fishing 2010

På plass i Trondheim på messa.

Vi hadde gode erfaringar frå Nor-Fishing messa i 2008 - og vil
også delta i 2010.
Vår salssjef, Ivar Søvik, har pakka messeutstyret og er klar
for tur til Trondheim.
Teknisk avdeling
Selskapet har utvida kapasiteten ved tekniska avdeling.
Tidlegare var Egil Davik mest aleine med arbeid innan teknisk
teikning og utvikling.
I oktober 2009 vart avdelinga styrka ved at Thomas Håberg vart
tilsett og på nyåret 2010 kom to personar Frank Solbjørg og
Knut Otterlei.
E-postadresser:
Egil Davik egil@aakremekaniske.no
Thomas Håberg thomas@aakremekaniske.no
Frank Solbjørg
frank@aakremekaniske.no
Knut Otterlei
knut@aakremekaniske.no
Utviding av plate- og lakkavdeling
1. november 2009 overtok Aakre Mekaniske AS plate- og lakkavdelinga
frå Rolls-Royce Marine Longva. I kjøpet inngjekk m.a. ein Finn Power
SG Stansemaskin og 2 knekkemaskiner. Også fem tilsette følgde med i
kjøpet. Dette betyr både auka kapasitet og kompetanse innan
platearbeid.

Finn Power Stansemaskin

Knekkemaskiner vert løfta på plass
Dagleg leiar Andreas Aakre har pr. 1.4.09 tatt over
stillinga som dagleg leiar etter 2 år med fokus på andre områder.
Vår dagleg leiar gjennom dei siste 2 år,
Kenneth Ulla, har hatt permisjon frå skuleverket, men er no
attende
til si stilling der.
Utviding av
produksjonsareale På grunn av
auka arbeidsmengde, har Aakre selskapa fått behov for meir
areal. Aakre Kit As skal difor leige dette bygget, som Aakre
Industribygg AS har kjøpt på Austnes. Bygget er 1600 m2, og skal i første
omgang brukast til all sveiseproduksjon. Men det gjer også
at vi får høve til å auke kapasiteten på andre områder
dersom forespørselane skulle kome.

Nor - Fishing
2008 Aakre Mekaniske og Aakre Kit har for første gong stand på Nor - Fishing
i Trondheim. Med over 440 utstillarar på plass, er dette ei av dei
største messene i slikt slag. Responsen så langt har vore
god.
 Frå vår stand på messa.
Aakre
Fritidsklubb På
initiativ frå dei tilsette, har Aakre Fritidsklubb vorte oppretta.
Dette er ein klubb som skal ta vare på dei tilsette sin sosiale
utskeielsar :) Planane er fleire. Mellom anna grillfest, Aakre -
trim og bowling - turnering for å nemne nokre. Sjå bloggen deira
her
Ny
brosjyre Vi har fått laga oss ei ny brosjyre som gjev
eit oversiktsbilde av det vi driv på med i bedrifta
vår. Sjå vår nye brosjyre her.

Presisjonsmåling med FARO-arm Vi har investert i nytt måleutstyr.
FARO - gage er eit svært presist måleinstrument
som vi håper å få mykje nytte av. Målet er at kvaliteten på produkta
våre skal bli endå betre.

Lakkanlegget i
drift Aakre Mekaniske kan tilby sine kundar lakkering i eit topp moderne lakkanlegg.
Anlegget består av 2 lakk-kabiner som er 5x5x14 meter.
Sandblåsehallen er like stor, og det same er vaske og
syrehallen.
 Det første større prosjektet som gjekk
gjennom lakkanlegget, var denne Mob-båten som vi leverte til Mare
Safety.
 Her ser vi vaskehallen (med open port),
sandblåsing, og dei to lakk-kabinene (med lys i)
Aakre Kit AS Aakre
Kit er eit dotterselskap til Aakre Mekaniske AS. Selskapet starta
opp i 2007 og held til på Haramsøy og
på Terøy. Sveiseavdelinga til Aakre Mekaniske AS er overtatt
av dette
selskapet. I tillegg påtek selskapet seg serviceoppdrag og
leiger ut mannskap til maritim industri.
|